Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 48, 2019

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frank Zappa

Frank Zappa (21. desember 1940–4. desember 1993) var ein amerikansk komponist, gitarist, plateprodusent og filmregissør. I løpet av ein karriere på over 30 år skreiv Zappa rock, jazz, elektronisk musikk, orkestermusikk og musique concrète. Han regisserte òg fleire filmar og musikkvideoar, og designa plateomslag. Zappa produserte sjølv nesten alle dei over 60 albuma han gav ut med bandet Mothers of Invention og som soloartist. Mange av albuma hans vert rekna som essensielle i rock- og jazzhistoria, og han vart rekna som ein av dei mest originale gitaristane og komponistane på si tid.

Han var ein sjølvlærd komponist og artist, og dei mange musikalske inspirasjonskjeldene førte til at han skapte musikk det ofte er umogeleg å kategorisere. Debutalbumet hans i 1966 med Mothers of Invention, Freak Out!, var ein kombinasjon av vanlege rockesongar, improviserte songar og studioskapte lydbilete. På seinare album nytta han denne eksperimentelle tilnærminga uansett om songane var baserte i rock, jazz eller klassisk. Han skreiv tekstane til alle songane sine, som ofte var humoristiske syn på samfunnet og politiske prosessar, strukturar og rørsler. Les meir …