Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 5, 2016

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trål

Trål er ein type fiskereiskap. Ein trål er forma som ei lang trakt (trålpose), og blir slept etter eit farty - ein trålar. Tråling er ein fisketeknikk som har eksistert sidan 1500-talet, og har utvikla seg frå små handhaldne reiskapar til fabrikktrålarar som kan fiske og produsere eit hundretal tonn fisk kvart døger. Trålarar blir brukte for å fange dei fleste artane av fisk og i tillegg reker og andre skaldyr. Tradisjonelt tenkjer dei fleste på botntrålarar som fiskar reker, torsk, sei og liknande, men det blir tråla etter eit stort utval av artar på dei fleste djup. Den trålinga som går føre seg høgare i sjøen enn botntrålinga blir kalla pelagisk tråling.

Moderne trålarar finst i ein rekkje storleikar og fasongar tilpassa mange ulike typar fangst og tilhøve og inkluderer ei rekkje reiskapar i tillegg til sjølve trålposen (som i seg sjølv er sett saman av fleire samansydde delar). I dag brukar trålarane vanlegvis to tråldører eller tilsvarande innretningar som er laga for å få optimal sidevegsopning under tauing.

Det er nokre miljøutfordringar ved trålfiske: Botntråling gjer skade på botnfaunaen, trålen skil ikkje mellom ønskt og uønskt fangst og trålfiske har høgare drivstoffbruk enn kystfiske med lettare, passiv reiskap. Les meir …