Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 50, 2023

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå Kivledalen.

Kivlemøyslåttane eller Systerslåttane er ein syklus med slåttar som er knytt til segna om Kivlemøyane. Segna skriv seg frå Seljord, og det same gjer opphavspersonane til slåttane. Slåttane er grovt sett delt i grupper av tre – dei på trollstilt (A-E-A-C#), understilt (F-C-A-E) og forstemt (G-C-A-E). Syklusen er blant det eldste slåttestoffet i Noreg, og syklusen skal også ha vorte spela på langeleik like lenge som på fele.

Den viktigaste kjelda til desse slåttane har vore Øystein Langedrag og sonen hans, Leiv Sandsdalen. Sandsdalen ville helst ikkje lære dei bort, er det fortalt, og meinte at desse slåttane skulle følgje han i grava. Torkjell Haugerud fekk likevel rekonstruert slåttane på trollstilt. Ei anna line frå Øystein Langedrag gjekk gjennom Håvard Gibøen på Møsstrond, og ei anna gjennom Petter Veum på Fyresdal. Kivlemøyspringaren og Kivlemøygangaren, som Johan Halvorsen skreiv ned etter Knut Dale i 1901, vart fritt bearbeidde for piano av Edvard Grieg (opus 72, nr. 16 og 17). Les meir …