Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 51, 2022

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Illustrasjon til Eit juleeventyr

Eit juleeventyr (engelsk originaltittel A Christmas Carol. In Prose. Being a Ghost Story of Christmas.) er ei juleforteljing av Charles Dickens frå 1843. Ho er ein kortroman som kom ut i bokform den 19. desember 1843 på Chapman & Hall forlag. Boka skildrar omvendinga til den gamle gniaren Ebenezer Scrooge, som i løpet av ei jul der han møter fleire ander går frå å vera ein bitter, sjølvisk julehatar til å bli gåvmild og gleda seg over høgtida. Eit juleeventyr blei raskt særs populært i den samtidige viktoriatida, med si store interesse for moralske fablar og gamle og nye juleskikkar. Ho har vore kontinuerleg i trykk sidan ho blei gjeven ut, er omsett til ei rekkje språk, og er blitt dramatisert og filmatisert ei rekkje gonger. Les meir …