Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 52, 2013

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gosforthkrossen ved Mariakyrkja.

Gosforthkrossen er ein steinkross som står høgreist blant gravene på kyrkjegarden kring Saint Mary-kyrkja i den vesle landsbyen Gosforth vest i Cumbria i Nordvest-England. Krossen er av interesse i skandinavisk samanhang ettersom mesteparten av dei bileta som er hogd ut i lågt relieff på stammen av krossen er tolka som figurar og hendingar frå skandinavisk heidendom.

Krossen, som på stilistisk grunnlag er tidfest til ni-hundretalet, er av raud sandstein, forma som ei slank søyle med ein ringkross med om lag 50 cm i diameter i toppen, totalt 4,42 meter høg, oppsett på ein låg, kvadratisk plattform, avtrappa i tre trinn. Nedst har søyla sirkulært tverrsnitt, men frå om lag 2,10 meter over bakken og opp til ringkrossen i toppen er det uthogd fire plane biletfelt som vender mot kvar si av dei fire himmelretningane. Søyla er 32 cm i tverrmål ved bakken, men berre 16 cm rett under ringkrossen i toppen.

Nedst i biletfeltet på austsida av søyla er det ei scene som syner to samanfiltra ormar som høgg etter kjeften på kvarandre. Over dette er det synt ei kvinne til høgre og ein mann til venstre, vende mot kvarandre. Mannen held eit spyd han har stukke inn i sida på ein mann som står i eit innramma felt over dei to, med armane utstrekt rett ut til kvar si side. Det går klårt fram at blodspruten står ut av såret som spydet har opna i sida på han. Biletet er tolka som ei framstilling av Kristi krossfesting. Les meir …