Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 52, 2018

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Juletre

«Å juletre» er ein julesong med opphav i den schlesiske folkesongen «Ach Tannenbaum» ('Å edelgran') frå 1500-talet. Songen er kjend i si tyske juleutgåve «O Tannenbaum» frå 1800-talet, og i omsetjingar som engelske «O Christmas Tree» og franske «Mon beau sapin». Han blei omsett til norsk av Arne Bendiksen i 1981. Han er den eldste julesongen som nemner eit juletre. Songen peiker seg også ut som eit tidleg døme på ein julesong utan religiøst innhald.

Melodien til «Å juletre» er ein gammal tysk folketone som òg er brukt i ei rekkje tyske og andre songar. På tysk er studentsongen «Lauriger Horatius» særleg kjend. Det finst òg talrike vers laga til melodien, som den svenske drikkevisa «Nu tar vi den» og barnesongen «En bussjåfør». Les meir …