Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 52, 2022

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pleiadane, eller sjustjernene, ein stjernehop somme trur verka inn på hendingane i 2012

2012-fenomenet var ei rekkje eskatologiske syn om at transformative eller katastrofale hendingar ville henda på eller kring den 21. desember 2012. Dette vart sett på som sluttdatoen for ein 5126 år lang syklus i den lange mesoamerikanske kalenderen, og høgtidelege tilstellingar fann stad på datoen for å høgtida hendinga i landa som var del av mayasivilisasjonen.

Ulike astronomiske formasjonar og numerologiske formlar vart føreslått for denne datoen. Ei new age-tolking meinte at han markerte starten på ein periode der jorda og innbyggjarane ville gå gjennom ein positiv fysisk eller åndeleg transformasjon. Andre meinte at datoen markerte verdas undergang eller ein liknande katastrofe. Forskarar frå ulike disiplinar avfeia raskt spådommar om katastrofale hendingar etter kvart som dei oppstod. Mayanske lærde uttalte at ingen klassiske mayakodeksar føreseier snarleg undergang, og at ideen om slutten på den lange kalenderen i 2012 gav ei feilaktig framstilling av mayahistorie og -kultur. Les meir …