Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 8, 2016

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Topografisk kart over India.

India er det største landet i Sør-Asia og utgjer hovudparten av det indiske subkontinentet. Det grensar til Pakistan i vest og nordvest, Kina, Nepal og Bhutan i nord og Burma og Bangladesh i aust og søraust. Kyststripa er rundt 7 517 km lang og grensar til Det indiske havet, med Det arabiske havet i vest og Bengalbukta i aust. Øystatane Sri Lanka og Maldivane ligg nær India, medan det indiske forbundsterritoriet Andamanøyane og Nikobarane, ein del av Søraust-Asia, ligg lenger ute i havet.

Den nordlegaste delen av landet omfattar Himalaya og lågare fjellkjeder. Elvar som Brahmaputra og Ganges renn sør frå Himalaya og gjennom den fruktbare og tett folkesette Gangessletta i Det nordindiske låglandet. Den sørlege delen av landet er dominert av Deccanplatået som er avgrensa av Dei austlege Ghatfjella og Dei vestlege Ghatfjella på kvar side. Klimaet varierer frå tropisk monsunklima i sør til temperert eller kaldt i nord.

India er ein sambandsstat sett saman av 28 delstatar og 7 territorium. Hovudstaden i India er New Delhi. Andre storbyar er Mumbai, Kolkata og Chennai.

Flatevidda på over 3 000 000 km² gjer India til verdas sjuande største land, medan folketalet på rundt 1,2 milliardar gjer det til verdas andre folkerikaste. Landet er også kjend som verdas folkerikaste demokrati. Det har ein omfattande og raskt voksande økonomi. India har den fjerde største økonomien i verda etter kjøpekraftsparitet og den niande største etter BNP. Les meir …