Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 9, 2022

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Scene frå Breath of the Wild med Master Sword under MCM Comic Con 2017 i London

The Legend of Zelda: Breath of the Wild er eit action-eventyrspel utvikla og utgjeve av Nintendo til konsollane Wii U og Nintendo Switch i 2017. Det er det nittande hovudspelet i The Legend of Zelda-serien og handlinga er sett til slutten av den offisielle Zelda-tidslinja. Spelet byrjar med at Link vaknar etter å ha sove i hundre år og får i oppdrag å nedkjempa Calamity Ganon, som har lagt kongeriket Hyrule i ruinar.

Spelet vart utvikla over ein periode på fem år og er designa for å bryta med mange av dei etablerte konvensjonane i Zelda-serien. Det har ei vidstrekt open verd som spelarane kan utforska fritt, utan å måtta gjera oppdrag i ei bunden rekkjefølgd, og bruker ein meir avansert fysikkmotor som gjev realistiske interaksjonar mellom elementa i spelverda. Den grafiske stilen bruker cel-shading for å gje eit teiknefilmaktig uttrykk og er inspirert av gouache og friluftsmåleri.

Breath of the Wild fekk hyllester frå kritikarar for den frie speloppbygnaden og detaljnivået i spelverda. Det har selt over tjueseks millionar kopiar internasjonalt og har vore kåra til eit av dei mest framståande dataspela gjennom tidene av fleire publikasjonar. Den vidstrekte verda og mengda av innhald i spelet gjer at spelarar oppdagar stadig nye ting år etter lanseringa. Les meir …