Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 1, 2010

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Maynard Keynes

John Maynard Keynes (18831946) var ein engelsk økonom. Ideane hans har hatt svært stor innverknad på økonomisk og politisk teori, og han blir sedd på som grunnleggjaren av moderne makroøkonomi, sjølv om makroøkonomisk teori har utvikla seg mykje sidan den tidlegaste keynesianismen. Spesielt kjent er Keynes for å tilrå statleg intervensjon i økonomien, ved hjelp av finanspolitikk og pengepolitikk, med det formålet å motverke uheldige verknader av økonomiske resesjonar, depresjonar og overoppheting. Innan makroøkonomi, blir ISLM-modellen (av John Hicks og Alvin Hansen) sedd på som ei formalisering av mange av tankane til Keynes. Les meir …