Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 10, 2005

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Clara Zetkin
Clara Zetkin

Clara Zetkin (5. juli 185720. juni 1933) var ein tysk sosialist og framståande i tysk og internasjonal kvinnerørsle. Ho måtte gå i eksil på grunn av den politiske aktiviten sin, men var òg medlem av Den tyske riksdagen i tolv år.

Zetkin var ei av dei fremste i arbeidet med å byggje opp den sterke sosialdemokratiske kvinnerørsla i Tyskland. Ho var redaktør i kvinnerørsla sitt blad, «Die Gleichheit» (Likskapen), frå 1891 til 1917. Etter forslag frå Zetkin vedtok ein internasjonal kvinnekonferanse i København i 1910 å gjere 8. mars til den internasjonale kvinnedagen. Les meir...