Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 12, 2005

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jesus på krossen

Påska er den viktigaste av dei kristne høgtidene, og blir markert til minne om Jesu Kristi død og oppstode. I forkant av påska kjem fastetida og den stille veka, og etter påskesundag kjem påsketida, som varar fram til pinse. I tillegg til den kristne tydinga har høgtida òg innslag frå den jødiske pesah, som lammemiddag; frå heidensk tru, som påskeegg; og frå hovudsakleg verdsleg kultur, som påskekrim og påsketur i fjellet.

Opptakta til feiringa av påske byrjar med palmesundag, og held fram med den stille veka der ein markerer skjærtorsdag og langfredag. Desse dagane er til minne om Kristi liding, og markeringa ber i dei fleste kyrkjer framleis preg av den enkle liturgien frå fastetida. I Den katolske kyrkja blir statuar og bilete dekte til, og det blir ikkje ringt med kyrkjeklokkene. Det er óg særs lite dekorasjonar i kyrkjene mellom skjærtorsdag og påskeaftan. Les meir...

Førre tre veker: PotetClara ZetkinLinux