Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 13, 2008

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kolossen på Rhodos, som sannsynlegvis ikkje stod med ein fot på kvar side av hamna som vist her.

Kolossen på Rhodos var ein enorm statue av den greske solguden Helios som vart reist på Rhodos, den austlegaste av dei greske øyane i Egearhavet, på 200-talet fvt. Statuen hadde om lag same storleik som Fridomsgudinna i New York City i USA, men vart plassert på ein lågare plattform. Kolossen på Rhodos var eitt av dei sju underverka.

Skildringane frå antikken er noko motseiande når det gjeld konstruksjonen. Nokre fortel at han vart bygd i fleire steinkolonner eller i tårn av steinblokker som bygget sitt indre. Han vart reist på ein 15 meter høg sokkel av kvit marmor i nærleiken av innløpet til hamna, kanskje på ein molo ved hamna. Jernbjelkar vart drivne inn i steintårna og bronseplater vart festa til bjelkane og danna «huda»; dei ytre flatene på statuen. Konstruksjonen stod ferdig i 282 fvt. etter 12 år. Statuen stod berre i knappe 56 år før Rhodos vart skaka av eit jordskjelv i 226 fvt. Statuen braut av ved kneledda og fall mot land. Kolossen stod sannsynlegvis på ein sokkel og statuen som står med beina på kvar si side av hamna er truleg ein fantasi frå seinare skildringar. Les meir…