Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 14, 2006

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Inkariket er ein tidlegare stat i Sør-Amerika frå år 1438 til 1533. På quechua heiter inkariket Tawantinsuyu, «riket med fire hjørne/regionar». Hovudstaden var Cuzco, «verdas navle», og låg der dei fire delane av riket møttest. Territoriet ekspanderte fram til 1525 og strakte seg då over det meste av dagens Peru og Ecuador, med unntak av dei austlege, lågtliggande områda, Chile sør forbi Santiago og områda av Bolivia og Argentina som ligg i Andes. Kan hende var Tawantinsuyu større enn samtidige Ming-Kina og Det osmanske riket. Quechua var offisielt språk i forvaltinga av staten. Les meir...

Førre tre veker: Republikken KomiSkriftsystemRaud blodlekam