Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 15, 2010

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
[[Fil:|120x170px|link={{{3}}}|Anders Hovden-statuen i Ørsta, laga av Anne Grimdalen]]

Anders Hovden (1860–1943) var ein norsk prest og salmediktar. Han var prest ulike stader i Noreg i nesten 40 år. Elles var han ein kjend folketalar, men er mest kjend som salmediktar og deltakar i prosessen med fornyinga av den norske salmetradisjonen.

Hovden var fødd i Ørsta. Faren var fiskar og gardbrukar. Det harde strevet for å få maten på bordet som han var vitne til i oppveksten, gjorde til at han fekk stor respekt for livet til fiskarbøndene. Havet, stormen og fisket vart viktige inspirasjonskjelder for seinare dikting. I alt skreiv han elleve prosaforteljingar, men det er som salmediktar han er mest kjend. Til saman dikta Anders Hovden om lag 250 salmar – alle på nynorsk. Den mest kjende av salmane hans er «Fagert er landet». Hovden var med i nemnda som utarbeidde Landstads reviderte salmebok og i redaksjonen for Nynorsk salmebok.

Anders Hovden fekk diktargasje frå 1931. Les meir …