Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 17, 2008

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Geirangerfjorden er ein av dei best kjende norske fjordane.

Det er opp mot 1190 namngjevne fjordar i Noreg, og norskekysten er eitt av områda i verda med flest fjordar. Noreg har òg fleire av dei lengste fjordane i verda, med Sognefjorden på 204 km som den lengste. Flest fjordar finn ein i langstrekte Nordland, som har opp mot 300 fjordar, medan Finnmark har kring 200.

Norske fjordar har som regel fjord som siste del av namnet sitt, men dei kan òg kallast til dømes poll, botn, sund, eller vuotna‎, som er samisk for fjord.

Lista i artikkelen inneheld dei aller fleste fjordane i Noreg og på Svalbard. Dei aller minste fjordane (hovudsakleg mindre enn 1 km lange) er stort sett ikkje teke med. Alle fjordane i lista har eigne artiklar.

Les meir…