Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 19, 2007

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Prinsippskisse av skilde typar ASD. Ein ser inn i eit opna høgre framkammer. "Mercedesstjerna" er trikuspidalklaffen. HV: høgre hjartekammer; VCS: øvre holvene; VCI: nedre holvene; 1: øvre sinus venosus-defekt; 2: nedre sinus venosus-defekt; 3: secundum-defekt; 4: ved koronarsinus; 5: primum-defekt.

Atrieseptumdefektar (forkorta ASD) er ei gruppe medfødde hjartefeil, med opning mellom framkammera i hjartet. Dei forskjellige slaga er svært ulike og krev ulik behandling. Kor alvorleig ein slik feil er varierar mykje. Verknaden i alvorlege tilfelle er fyrst og fremst hjartesvikt. Ein nyttar òg omgrepet atrieseptumdefekt om opningar i skiljeveggen som er laga med hensikt. Forekomst er omlag ein per 1 500 levande fødde.

Den foretrukne behandlinga er å lukke holet, anten kirurgisk eller intervensjonelt (med kateterteknikk). Så lenge trykket i lungekretsløpet ikkje er for høgt er dette inngrep med låg risiko og pasienten kan rekna med normal livslengd. Dersom trykket i lungekretsløpet er høgt er det eit spørsmål om tilstanden er reversibel eller ikkje. Trykket kan bli så høgt at pasienten ikkje kan opererast. Verdas første operasjon i eit opna hjarte var ei lukking av ein ASD. Det skjedde 2. september 1952.

Førre tre veker: Roger WatersWilliam ShakespeareVassdamp