Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 21, 2009

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cylindroiulus caeruleocinctus

Tusenbein eller dobbelføtingar (Diplopoda) er den største og mest mangfaldige gruppa mangefotingar. Dei vert kjenneteikna av å ha to par bein på kvart kroppsring, og finst i jord og på bakken over heile verda utanom Antarktis. Gruppa omfattar for det meste treige nedbrytarar som varierer i storleik frå 2 mm til nesten 39 cm, avhengig av art.

Ein reknar med at det finst 10 000 kjende artar tusenbein i verda, i tillegg til rundt 70 000 som enno ikkje har fått namn. Ein deler dei kjende artane inn i femten ordenar, kor sylindertusenbein Julida er den største. I Norden er sju ordenar representerte med totalt 49 artar.

Namnet tusenbein vert òg stundom nytta om alle mangefotingar. Uansett korleis ein nyttar det er det i utgangspunktet villeiande, det har aldri vorte funne noko tusenbein med så mykje som tusen bein. Rekorden ligg på 750 bein (375 beinpar), som har vorte observert hjå den amerikanske arten Illacme plenipes. Les meir...