Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 22, 2005
Utsjånad
Baron Audun Hugleikson Hestakorn (f. 1240-åra, d. 2. desember 1302) var ein stormann i kongeriket Noreg på 1200-talet. Han vert rekna som ein viktig politikar og jurist for si tid, og ein trur han hadde ei sentral rolle i utforminga av det norske lovverket i mellomalderen (Landslova, Bylova og Hirdskrå). Frå 1280 fram mot århundreskiftet fekk han stadig viktigare stillingar i statsleiinga. Mellom anna hadde han eige sete i kongens råd, han tenestegjorde som stallare («advokat»), fehirde («skatteminister»), og han bar tittelen baron.
Førre tre veker: Noreg under den andre verdskrigen – Ris – 17. mai