Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 24, 2010

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Simone de Beauvoir (1908 - 1986) var ein fransk forfattar, feminist og filosof. Det er vanleg å kalla filosofien hennar ei blanding av ateistisk eksistensialisme og fenomenologi, og han handlar i stor grad om etikk og korleis ein skal forhalda seg til medmenneskja sine. Det best kjende verket hennar er Le Deuxième Sexe (Det annet kjønn), skrive 1949–50, som er ein klassisk tekst innan feminismen. Frå denne boka stammar det mest kjente sitatet hennar: «Ein er ikkje fødd som kvinne, ein blir det».

Simone de Beauvoir og Jean-Paul Sartre møtte kvarandre på universitetet Sorbonne. Dei to forfattarane fekk avgjerande innverknad på kvarandre sitt liv og tankar og var sterkt knytte til kvarandre til Sartre sin død i 1980. Les meir …