Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 26, 2006

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Willy Brandt

Willy Brandt (19131992) var ein tysk politikarvenstresida, og rikskanslar (statsminister) i Forbundsrepublikken Tyskland frå 1969 til 1974. Han fekk Nobels fredspris i 1971 for arbeidet sitt med å betre tilhøvet til DDR, Polen og Sovjetunionen.

I 1933 drog han til Noreg for å unngå nazistisk forfølging. I 1940 blei han arrestert av tyske invasjonsstyrkar, men blei ikkje gjenkjend da han var i norsk uniform og snakka flytande norsk. Han blei sett fri som andre norske soldatar, og rømte da til Sverige, der han fekk norsk statsborgarskap av den norske ambassaden. Brandt var gift med norskfødde Rut, som han fekk to søner med, og dei to likte å reise på ferie til Noreg. Les meir...

Førre tre veker: Longyearbyen Ecuadoriansk historieDS «Oster»