Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 3, 2006

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Saltkrystallar

Salt er ei stor gruppe kjemiske stoff med liknande eigenskapar: I tørr, fast form er dei krystallar, og oppløyst i vatn dannar dei frie ion som gjev vatnet elektrisk leiingsevne.

Eit salt er ei kjemisk binding mellom to eller fleire ion, som oftast eit metall-ion (kation) og eit ion av ikkje-metall (anion). Iona i ein del salt er viktige for kroppen, og fleire salttypar blir brukte i matlaging. Det vanlegaste saltet i matlaging, bordsalt, er natriumklorid (NaCl).

Ein kan utvinna salt frå sjøvatn eller frå mineral. Saltgruver finst fleire stader i Europa. Kontroll med saltgruver eller salthandel har vore ei kjelde til rikdom og makt.

Førre tre veker: Mekkafjellrevplaneten Jupiter