Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 30, 2006

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Faroe map with villages, streets, straits, firths, ferry harbours and major moutains.png

Færøyane (færøysk: Føroyar, dansk: Færøerne, namnet tyder 'saueøyane') er ei øygruppe som ligg nord for Skottland. Færøyane består av 18 øyar av vulkansk opprinnelse. Øygruppa har 50 000 innbyggarar, der 17 000 av bur i hovudstaden Tórshavn som er kalla opp etter den norrøne guden Tor.

Øyane var tidlegare ein del av Noregsveldet, men har sia 1814 vore ein del av Kongeriket Danmark. Færøyane blei likevel allereie i 1709 administrativt lagt til Sjælland stift. Sia 1948 har øyane hatt indre sjølvstende, med to representantar i det danske Folketinget. Administrativt er Færøyane delt opp i seks sysl og 34 kommunar. Færøyane er ikkje medlem av EU, til tross for at Danmark er det. Les meir…

Førre tre veker: AtomvåpenNorsk FolkemuseumEiffeltårnet