Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 32, 2006

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Årleg oljeproduksjon i Ecuador 1965 - 2004.

Petroleumsverksemda i Ecuador og då spesielt oljeproduksjonen har frå og med 1970-åra vore ei viktig næring for Ecuador fordi ho syter for eksportinntekter for landet. I 2001 utgjorde eksport frå verksemda 44 % av all eksportverdi og i perioden fram til 2006 har både marknadsprisar og produksjonsmengda auka. I 2005 var landet fjerde største oljeprodusenten på kontinentet, saman med Colombia.

Mest all oljeproduksjon går føre seg i tropisk regnskog i den nordlege delen av Oriente-regionen. Styresmakta har lenge ønskt å utvide verksemda mot sør i Oriente, men alt det verksemda fører med seg gjev styresmakta utfordringar knytt til vern av miljø og biologisk mangfald, til legale rettar som urfolk og annan folkesetnad har i området, til berekraftig utvikling og til å overhalde skyldnader for Yasuní nasjonalpark. Folk frå huaoranikulturen og Sarayaku i Pastazaprovinsen har vekt oppsikt for motstanden mot oljeleiting i deira respektive territorium. Les meir ..

Førre tre veker: Ny-HellesundFærøyaneAtomvåpen