Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 34, 2005

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Medalje frå Sommar-OL 1908.

Sommar-OL 1908 eller Dei 4. olympiske sommarleikane blei halde i London i Storbritannia. Vertsnasjonen blei beste nasjon, medan Noreg fekk to gullmedaljar.

Leikane var opphavleg lagde til Roma, men etter vulkanutbrotet til Vesuv i 1907, som la Napoli i ruinar, måtte italienarane bruka alle midlane sine til gjenoppbygging. OL blei flytta til London, og White City Stadium blei bygd på rekordfart.

Leikane i 1908 var dei fyrste som inneheldt vinterøvingar, med fire kunstlaupsøvingar. Isøvingane kunne sjølvsagt ikkje haldast om sommaren, men gjekk føre seg nokre månader ifrå dei andre øvingane. Les meir...

Førre tre veker: Atombombene over Hiroshima og NagasakiJølsterMyanmar