Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 35, 2010

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vaksen hann som fangar insekt i flukt.

Raudstjert er ein insektetande fugl som tilhøyrer slekta Phoenicurus. Han er trekkfugl og hekkar i store delar av Europa og Sentralasia, og i det aller nordlegaste Afrika, og overvintrar i det sentrale Afrika.

Raudstjertane er ein distinkt klade av fleire fugleartar og det rår ikkje konsensus om kva familie gruppa høyrer til. Før vart gruppa plassert i trastefamilien, men i dag vil mange plassere gruppa i familien flugesnapparar (Muscicapidae) i underfamilien Saxicolinae saman med mellom andre buskskvett og steinskvett.

Raudstjerten er ein slank fugl på 13-14,5 cm, og veg 12-20 gram. Han sit ofte på låge greiner eller små buskar og vibrerer med stjerten. Fuglen har svart kvasst nebb og svarte bein. Den vaksne hannen har om sommaren ei iaugefallande farga fjørdrakt med djupsvart ansikt og hals, kvit panne, grått hovud, nakke og rygg og brunaktige vengar. Les meir …