Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 36, 2006

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den spanske borgarkrigen var ein blodig borgarkrig som varte frå 1936 til 1939, og som idealistar frå heile Europa involverte seg i. Krigen vart i all hovudsak utkjempa mellom høgresida og venstresida i spansk politikk. Høgresida vart i stort kalla «nasjonalistane» og hadde mellom anna som mål å innføra monarkiet på nytt. Venstresida var liberalarar, sosialistar, anarkistar og kommunistar. Venstresida vart i vid tyding kalla «republikanarane». Dei støtta den spanske republikken, og den demokratisk valde folkefront-regjeringa. Opprøret mot Folkefrontregjeringa starta 17. juli 1936 i det spanskstyrte Nord-Afrika, leidd av general Francisco Franco. Elitetroppar derifrå vart flogne inn til Spania, og nasjonalistane kjempa seg frå sør og nordover i Spania. Fleire byar gjekk over til nasjonalistane, men republikanarane greidde å halda blant anna hovudstaden Madrid heilt til slutten av krigen. Les meir…

Førre tre veker: AberdeenSovjetisk språkpolitikkBjørnøya