Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 40, 2005

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Insulinkrystallar.
Insulinkrystallar.

Insulin (frå latin insula, 'øy') er eit polypeptid-hormon som vert laga av cellegrupper kalla dei langerhanske øyane i bukspyttkjertelen og vert utskilt til blodet avhengig av matinntak og blodsukkernivå. Insulin står sentralt i kroppen sin sukker-/karbohydrat-/glukose-metabolisme, og underskot på insulin fører til diabetes mellitus, såkalla sukkersjuke. For lite insulin ved diabetes gjev høgt blodsukker og for mykje insulin ved diabetesbehandling kan gje lågt blodsukker, såkalla føling. Insulin fungerer også som eit anabolt (vevsbyggjande) hormon i feitt- og protein-stoffskiftet. Mangel på insulin kan difor føra til tap av muskel- og feittvev, og vekttap er eit vanleg symptom på diabetes mellitus. Les meir...

Førre tre veker: NESRognDemokrati