Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 42, 2004

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sandstrand sør på Jæren, ved Ogna

Jæren er eit kystlandskap i Rogaland fylke. Fram til byrjinga av 1900-talet var stavemåten "Jæderen" i bruk. Jæren er ei kyststripe som strekk seg om lag 65 kilometer sør for Boknafjorden og nord-vest for Dalane. Nord-Jæren er rekna å vera kommunane Randaberg, Stavanger, Sola og Sandnes. Midt på Jæren ligg kommunane Time og Klepp. Sør-Jæren er kommune. Høg-Jæren omfattar dei høgareliggjande områda i Time og Hå, og delar av Bjerkreim og Gjesdal kommunar.

Jæren er med sine 1070 km2 det største låglandsområdet i Noreg. Det flate landskapet ender i sandstrender. Jæren er eit av dei beste landbruksområda i landet, men har og mykje industri. Mykje av industrien er tradisjonelt knytt til landbruk, og mykje er knytt til oljeverksemda i Nordsjøen.

Forfattaren Arne Garborg vert omtala som "jærbu og europear". Ein jærbu er anten ein som bur på Jæren, eller ein som kjem derifrå. Dialekten (talemålet) vert kalla "jærsk".

Lokalavis for jærkommunane er "Jærbladet". Jærbanen er namnet på jarnbanelina Stavanger-Egersund.