Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 44, 2005

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fyrverkeri som stjerneskot er svært populære for alle religionar under dipavali.
Fyrverkeri som stjerneskot er svært populære for alle religionar under dipavali.

Dipavali eller divali er namnet åt den indiske lyshøgtida. Ho vert feira med å tendra oljelampar og fyrverkeri. Dipavali er den einaste høgtida som tradisjonelt har vorte feira i alle delar av India og er difor i dag vorte eit symbol på samhald i landet.

Sjølv om dipavali i Vesten vert sett på som éin hinduistisk fest er han eigentleg mykje meir enn det. Høgtida inkluderer ti ulike hinduistiske, djainistiske og sikh-festar, som fell på eller rundt den første nymånen i den indiske månaden kártika. Les meir...

Førre tre veker: Bill GatesSenterpartietJom kippúr