Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 46, 2010

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
{{{2}}}

Giovanni Gabrieli (fødd mellom 1554 og 1557, død 1612) var ein italiensk organist og komponist. Han var ein av dei viktigaste musikarane på si tid og representant for den venetianske skulen i overgangen mellom renessansen og barokkmusikken.

Gabrielli nytta den spesielle arkitekturen i Markuskyrkja med motståande balkongar til å skape uvanlege romverknader. Ein sette opp to kor som sto fråskilte på kvar sin balkong og song saman i fleirstemt polyfoni. Slik oppsto ein stereofonisk verknad der akustikken og ekkoet var ein del av effektane. På den tida var det vanleg å fylle ut eller erstatte vokalstemmer med instrument, og etterkvart starta Gabriel å skrive reine instrumentale satsar der han tok omsyn til særpreget til instrumenta. Eit av dei mest kjende stykka hans, In Ecclesiis, er eit krondøme på fleirkors-stil med fire separate instrumentalgrupper og songarar som vert støtta av ein stødig generalbass.

Arne Nordheim var ein beundrar av Gabrieli, og i Nordheims første orkesterverk, Canzona per Orchestra (1960), bruker han den venetianske skule sin ide med å sette saman forskjellige kontrastar og slektande klangblokker - sjølvsagt i sitt eige tonespråk. Les meir …