Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 47, 2007

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Geit.

Den tamme geita (Capra aegagrus hircus) er ein tamd underart av den ville geita som er å finna i Sørvest-Asia og Aust-Europa, eit klauvdyr som er nært i slekt med sauen. Geita vart først tamd for om lag 10 000 år sidan i dei iranske fjella Zagros. Geita har vore i bruk som husdyr over store delar av verda i fleire tusen år. Ein har fått mellom anna mjølk, kjøt, hår og skinn frå dyret. Frå slutten av nittenhundretalet har geita også vorte noko utbreidd som kjæledyr.

I snitt produserer ei god mjølkegeit 2,7 liter mjølk om dagen. Geitemjølk er lettare fordøyeleg for menneske enn kumjølk, og små born og personar med mjølkeallergi er rådde til å drikka geitemjølk. Mjølka treng ikkje å homogeniserast fordi ho ikkje inneheld proteinet agglutinin. Ho inneheld heller ikkje laktose. Les meir…