Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 49, 2007

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hannibal kryssa Alpane med elefantar. Ei freske frå 1510 i Capitolinemuseuma i Roma

Punarkrigane er namnet på tre krigar utkjempa mellom Den romerske republikken og Kartago mellom år 264 og 146 fvt.. Dei vert kalla punarkrigane fordi det latinske uttrykket for kartagarane var punici (eldre poenici etter det fønikiske opphavet deira).

Hovudårsaka til punarkrigane var strid mellom det eksisterande kartagiske riket og den veksande romerske republikken. Romarane ønska å utvida riket sitt via Sicilia, som delvis var under kartagisk kontroll. Ved starten av den første punarkrigen var Kartago den dominerande makta i Middelhavsområdet, med eit omfattande herredøme på sjøen, medan Roma raskt fekk stadig meir makt i Italia. Mot slutten av den tredje krigen, etter meir enn hundre år og fleire hundretusen døde soldatar på begge sider, hadde Roma erobra Kartago og rasert byen, og vart slik den mektigaste staten vest i Middelhavet. Les meir…