Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 6, 2006

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hugo Alvar Henrik Aalto (3. februar 189811. mai 1976) var ein finsk arkitekt og formgjevar, ein av dei mest kjende finske arkitektane gjennom historia. Alvar Aalto var banebrytande innan moderne arkitektur. Mellom kjende bygg teikna av Aalto er Finlandiahuset i Helsingfors og eit bustadområde i Seinäjoki. I bustadområdet inngår kyrkje, rådhus, bibliotek, teater og politistasjon. Det meste av arkitekturen hans var nydannande.

Aalto vart i tillegg vidgjeten som formgjevar. Han arbeidde mykje med formgjeving av glas, eit døme er den såkalla Aalto-vasen. Andre kjende verk er Kulturhuset i Helsingfors, Rovaniemi bibliotek og Viborg bibliotek. Aalto teikna den finske paviljongen på verdsutstillinga i 1939. Les meir.

Førre tre veker: EkkokardiografiWolfgang Amadeus MozartSalt