Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 7, 2007

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit menneskehjarte.

Eit hjarte (latin cor, fleirtal cordis) er eit holt muskulært organ som pumpar blod eller andre kroppsvæsker gjennom kroppen ved å gjennomføra stadige rytmiske samantrekningar. Det finst kretsløpssystem utan hjarte (t.d. hos leddormar), med eit hjarte (t.d. hos kjevemunnar) og med fleire hjarte (t.d. hos slimålar). Hos dyr som har lukka kretsløpssystem (t.d. virveldyr) pumpar hjartet blod gjennom blodårar, medan det syter for at all kroppsvæske strøymer gjennom heile kroppen hos dyr som har ope kretsløpssystem (t.d. leddyr).

Hos menneske ligg hjartet til vanleg noko til venstre for midten av brystkassa (toraks), under brystbeinet (sternum). Det ligg i ein sekk kalla hjarteposen (perikard), klemt inne mellom høgre og venstre lunge. Hjartet kviler mot mellomgolvet (diafragma). Hjartet har ein spiss, apeks, denne er normalt vend mot venstre. Hos barn ligg denne spissen høgt, hjartet ligg vassrett, hos vaksne er spissen retta meir nedover. Les meir…

Førre tre veker: TraktorMyllargutenGol stavkyrkje