Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 7, 2010

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fjør

Fjør er ein type keratinutvekst frå huda som ein i dag finn på fuglar, tidlegare også på theropodar. Fjørene er ein føresetnad for at fuglen skal kunne flyga, men fungerer også som varmeisolering, vern mot vatn, gjev farge som kan brukast til skjul og kommunikasjon, og pryd. Fjører med ulike føremål har ulik oppbygging, frå store og stive konturfjør til små, mjuke dun.

Fjørene er eit avleidd fellestrekk som kjenneteiknar fuglar, og som ikkje finst på noko anna nolevande dyr. Dei fleste fuglar har ei fjørdrakt som dekker heile kroppen, bortsett frå føtene, nebbet og rundt auga. Les meir …