Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 9, 2005

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lilla poteter frå Peru
Lilla poteter frå Peru

Poteta (Solanum tuberosum) er ei rotfrukt som speler ein viktig rolle innan matlaging og andre bruksområde i store delar av verda. Ho kjem opphavleg frå eit lite område i Andesfjella, men planten er så hardfør og matnyttig at han er blitt spreidd vidt utover kloden.

Poteta er blitt foredla til ulike sortar, og finst i mange ulike former, fargar og konsistensar. Det finst ovale og runde poteter, typar som blir store og klumpete og andre som er lange og tynne. Ein kan få poteter som er brune, gule, raude, rosa og lilla utanpå, og same farge, eller kvite, inni. Les meir...