Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 25, 2005

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kinaskeistork (Platalea minor) har det minste utbreiingsområdet av alle skeistorkar, og den er den eineste av desse som vert sett på som truga. Den fyrste kinaskeistorken vart oppdaga og namngjeven i 1849. Han er knytta til kystområde i Aust-Asia, og det ser ut til at han tidlegare har vore vanleg i størstedelen av utbreiingsområdet sitt. I dag kjenner ein bare til rugande fuglar på nokre små klippeøyer langs vestkysten av Nord-Korea. Fuglen har tre overvintringsområde ved Hong Kong, Taiwan og i Vietnam, og utover det finst det nokre andre stader der ein har sett han på trekk.