Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 31, 2005

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moai ved Rano Raraku.
Moai ved Rano Raraku.

Moai er namnet på steinstatuane på Påskeøya. Dei fleste statuane er hogde ut i eit stykke, men nokre har lause steinpukauar på hovudet. Det finst meir enn 600 kjende moai, fordelt over heile øya. Ved Rano Raraku, der dei fleste moai vart hogde ut av klippen, finst det nesten 400 meir eller mindre ferdige statuar. Steinbrotet verkar som det stoppa brått, ettersom det finst fleire halvferdige statuar igjen i klippen. Alle utstilte moai har seinare vorte velta av dei innfødde øybuarane.