Wikipedia:Wikiprosjekt Nynorsk i Nord-Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dette er eit wikiprosjekt for å presentere tema knytt til nynorsk i Nord-Noreg. Målsetjinga med prosjektet er:

  1. Samle eksisterande relevant artiklar i kategorien Nynorsk i Nord-Noreg
  2. Skrive nye artiklar
  3. Samle artiklane i ein portal
  4. Marknadsføre dette som ein nettressurs for elevar og andre

Overordna plan[endre wikiteksten]

Her er Magne Heide sitt framlegg til plan:

  1. Nynorsk i Nord-Noreg
    1. det må lagast eit godt oversyn for heile landsdelen
    2. for kvar kommune skal det vere eit oversyn både over nynorsk hovudmål (krinsar, parallellklassar, årstal) ## Nynorsk som sidemål: både innføring av nynorsk som bi-mål (frå 1920-åra) og innføring av obligatorisk sidemål i grunnskolen bør med
  2. Nordnorske dialektar
    1. Det står lite om nordnorske dialektar på nn wp i dag. Det bør vere eit par oversynsartiklar, og kvar kommune bør få ei tilvising til denne / desse artiklane.
    2. Det finst mange hovudoppgåver om temaet. Oppgåva blir å systematisere desse oppgåvene, og å bruke tilfanget her i oversynsartiklar
  3. Målfolk i nord
    1. Vi treng å synleggjere alle nynorsk- og dialekt-forfattarane i nord. Vi har også fleire gode fagforfattarar som skriv nynorsk. Vi har liste over desse, men få artiklar er produserte
    2. Andre målfolk i nord må også synleggjerast (Ole Danbolt Mjøs, ...)
  4. Mållag i nord
    1. Her står det lite i dag. Vi treng oversyn både over nåverande mållag og fylkesmållag, og vi treng eit historisk tilbakesyn

Liste over artiklar vi arbeider med[endre wikiteksten]


Liste over artiklar vi treng[endre wikiteksten]

Liknande Wikipedia-prosjekt[endre wikiteksten]

Dette prosjektet er ikkje underordna andre prosjekt, men det hadde ikkje vore urimeleg om Nynorsk Wikipedia hadde eigne prosjekt om målreising og nynorsk. Derimot har nynorsk Wikipedia eit prosjekt om norsk, og eit prosjekt om språk generelt,

Deltakarar[endre wikiteksten]