Wikipedia:Wikiprosjekt Nynorsk i Nord-Noreg/Nordnorske forfattarar som skriv nynorsk og dialekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Førebels namneliste over nordnorske forfattarar som skriv nynorsk og dialekt

Til folk på dette prosjektet: Eg har no omsett alle som finst på bokmålswikipediaen (ca. halvparten av dei raude). Det er no fritt fram for å

  1. rette språket i dei artiklane som er merka med SPRÅKVASK (og fjerne vaskemerket når det er gjort)
  2. forbetre dei artiklane som ikkje er omsett med apertium, der det trengst
  3. skrive dei artiklane som ikkje er skrive (dei raude), med opplysningane som står her som start

Trondtr (diskusjon) 21. april 2012 kl. 21:20 (CEST).

Skjønnlitterære forfattarar[endre wikiteksten]

Her er oppdateringa av forfattarnamn rimeleg god, men legg gjerne til nye namn.

  • Hanne Aga (1947-2019), Røra, Tromsø; forfattar. (Nynorsk)
  • Sumaya Jirde Ali (1977-), norsksomalist debattant, poet og forfattar, kom til Bodø i 2005 der ho vaks opp. Gav ut boka Ikkje ver redd sånne som meg i serien Norsk røyndom på Samlaget, 2018 (Nynorsk). Fleire andre bøker (bokmål).
  • Liv Marie Austrem (1947-), Vågå, Vestvågøy, Lofoten; forfattar. (Nynorsk)
  • Arthur Arntzen (1937-), Tromsø; forfattar. (Dialekt)
  • Anton Christian Bang (1840-1913), Dønna, Oslo; teolog. (Bokmål og nynorsk)
  • Karlot Bugge (Baustad) Edvardsen (1882-1953), Sømna. (Nynorsk)
  • Lars Kornelius Edvard Berg (1901-1969), Tromsø; forfattar og lærar. (Nynorsk)
  • Jack Berntsen (1940-2010), Svolvær, lektor og visesongar. (Dialekt)
  • Olava Bidtnes (1938-) fødd i Stjørdal, busett i Tromsø; lyrikar. (Nynorsk)
  • Sissel Solbjørg Bjugn (1947-2011), fødd på Setermoen; forfattar. (Nynorsk)
  • Anne Osvaldsdatter Bjørkli (1951-), Balsfjord; forfattar. (Nynorsk)
  • Dagmar Blix (1900-1984) fødd i Hol, busett i Stamsund; forfattar og lærar. (Nynorsk)
  • Elias Blix (1836-1902), fødd i Gildeskål; forfattar, professor og politikar. (Nynorsk)
  • Johan Borgos (1939-), fødd i Øksnes, busett på Sortland; lærar, historikar og bygdebokforfattar. (Bokmål og nynorsk)
  • Gudmund Danielsen Brede (1911-1951), fødd i Tjeldsund, Nordland; bladmann og forfattar. (Nynorsk)
  • Lars Bremnes (1964-), fødd i Svolvær, busett i Harstad; forfattar, komponist, musikar og songar. (Dialekt)
  • Ola Bremnes (1955-), fødd i Svolvær, busett i Kvæfjord, forfattar, komponist, musikar og songar. (Dialekt)
  • Ole H. Bremnes (1930-2018), fødd i Kvæfjord, busett i Svolvær; lærar, skolestyrar og diktar. (Dialekt)
  • Sverre By (1897-1975), fødd i Sømna, busett i Trondheim; lærar, skolestyrar og forfattar. (Nynorsk)
  • Olaus Fredrik Dreyer (1873-1959), Øksnes (1 diktsamling: Tuntreet) (Nynorsk)
  • Asbjørn Dybwad (1924-1973), fødd og busett i Tromsø; forsikringsagent, forfattar, målar og radiokåsør. (Dialekt)
  • Arnljot Eidnes (1909-1990), Bjarkøy. (1978: Tankar i kveldsol (dikt), 1989: Jekteskipperen (roman)) (Nynorsk)
  • Hans Eidnes (1887-1963), fødd i Bjarkøy, busett på Trondenes, skolestyrar, lokalhistorikar og politikar. (Nynorsk)
  • Per Eidnes (1913-1987), Bjarkøy. (1975: Muntert om mangt) (Nynorsk)
  • Magne Einejord (1934-2018), frå Målselv. (Nynorsk og bokmål)
  • Ingeborg Eliassen (1953-), fødd i Ballangen, busett på Nesoddtangen; forfattar og dramatikar.
  • Ingunn Elstad (1953-), fødd i Vestvågøy, busett i Tromsø; professor emerita i sjukepleie. (1981: Den store snøvinteren) (Nynorsk)
  • Endre Lund Eriksen (1977-), fødd i Bodø, busett i Tromsø; forfattar. (1 bok på nynorsk)
  • Fridtjof Eriksen (1930-), fødd i Dyrøy, busett i Lenvik; lærar, politikar, forfattar. (Nynorsk)
  • Hans Kristian Eriksen (1933-2014), fødd i Kiberg, busett på Senja; lærar, forfattar, lokalhistorikar. (Bokmål, nynorsk og dialekt)
  • Marius Hagbart Evjeberg (1905-1969), fødd i Borge, busett på Bøstad i Lofoten; journalist, forfattar, forleggjar. (Nynorsk)
  • Aase Synnøve Falck (1934-), oppvaksen i Nordreisa, busett i Tromsø. (Dikt på dialekt)
  • Kyrre Endre Marinius Finn (Nilsen) (1902-1970), fødd i Salangen, død på Værøy; lærar.
  • Torstein Finnbakk (1952-), fødd i Hemnes, busett i Brønnøysund; forfattar og journalist. (Nynorsk og dialekt)
  • Ingvald Forsberg, (1886-1933), fødd i Nordfold; journalist og forfattar. (Nynorsk)
  • Hans Fuhr (1953-), fødd i Sogn, busett i Bodø. (Nynorsk)
  • Einar Fyhn (1915-2001), fødd i Lyngen, busett i Stamsund.
  • Gunnar Garfors (1900-1979), fødd i Skjomen, busett på Ankenes; lærar. (Nynorsk)
  • John Gustavsen (1943-), fødd i Porsanger, busett i Tromsø; forfattar og journalist. (Bokmål og nynorsk)
  • Klaus Hagerup (1946-2018), tilsett ved Hålogaland teater 1971-1977, skreiv bl.a. Det e her æ høre tel (Dialekt) [1]
  • Kristian Halse (1926-2018), fødd i Surnadal, busett på Olderskog i Vefsn; lærar, diktar og lokalhistorikar. (Nynorsk)
  • Randi Hansen (1958-), fødd i Tromsø, busett i Harstad; lærar og popsongar. (Dialekt)
  • Sigrid Agnethe Hansen (1989-), fødd i Harstad, busett i Tromsø, journalist i NRK Troms; forfattar. (Nynorsk)
  • Arvid Hanssen (1932-1998), fødd i Vika i Lenvik, busett i Lenvik; forfattar. (Nynorsk, bokmål og dialekt)
  • Sigrid Merethe Hanssen (1966-), fødd på Finnsnes, busett på Finnsnes; lektor og forfattar. (Nynorsk)
  • Tore Hay (1947-), fødd på Andørja, busett på Evenskjer og Oslo; lærar og forfattar. (Bokmål og dialekt)
  • Kine Hellebust (1954-), fødd i Harstad, busett i Harstad/Malangen/Oslo; skodespelar, songar, forfattar. (Nynorsk og dialekt)
  • Trond Hellemo (1940-), fødd i Lenvik, busett i Senjahopen; lærar, forfattar, salmediktar. (Nynorsk)
  • Oddvar Heløe (1929-2006), fødd i Ibestad, busett i Harstad. (Dialekt)
  • Vera Henriksen (1927-), fødd og oppvakse i Oslo; forfattar. Sogespel til Festspillene i Nord-Norge. Vargtid (1968), Selshemnaren (1968), Asbjørn Selsbane (1972) (Nynorske spel)
  • Tore Elias Hoel (1953-), fødd i Harstad, busett i Bodø; lektor, lyrikar, ungdomsbokforfattar. (Nynorsk og bokmål)
  • Trygve Hoff (1938-1987), fødd på Rognan, busett på Darbu i Øvre Eiker; lærar, tekstforfattar, visesongar. (Dialekt)
  • Knut Holte (1949-), busett i Harstad; lektor og forfattar- (Bokmål) (1 bok Utanfor byen (lyrikk) på nynorsk)
  • Ingvild Holvik (1976-), fødd i Bergen, busett i Tromsø; forfattar og omsetjar. (Nynorsk)
  • Sissel Horndal (1970-), fødd i Mørsvikbotn i Sørfold; bildekunstnar, illustratør, forfattar. (Nynorsk)
  • Johan Kristian Lind Hveding (1879-1965 ), fødd på leiknes i Tysfjord, busett i Hadsel, Trondenes, Lyngen, Tromsø; lærar, skolestyrar og overlærar, folkeminnesamlar, dialektsamlar og forfattar. (Nynorsk)
  • Andreas Indregard (1906-1977), busett på Vidrek i Narvik; lærar. (Nynorsk)
  • Tor Jacobsen (1930-), fødd og busett på Mo; forfattar og journalist. (Bokmål og dialekt)
  • Eva Jensen (1955-2016), fødd i Salangen, busett i Tromsø; forfattar. (Nynorsk)
  • Einar F. Johnsen (1935-2019), busett i Bø; 1997: Vers på ville veier. Sortland. Lyrikk (Bokmål side 7-39, nynorsk side 40-59)
  • Inge Eberg Johansen (1936-), fødd og busett i Hadsel; lærar og forfattar. (Dialekt, bokmål og nynorsk)
  • Birger Jåstad (1904-1984), fødd og busett i Leirfjord; lærar, forfattar og politikar. (Nynorsk)
  • Lars Jaastad (1871-1926), fødd i Ullensvang, busett i Leirfjord; lærar, forfattar og politikar. (Nynorsk)
  • Ivar Kleiva (1903-1998), fødd i Norddal, busett i Gryllefjord i lengre tid; lærar, forfattar og lokalhistorikar. (Nynorsk)
  • John Klæbo (1839-1874), fødd på Dønna, busett i Kristiania (Oslo); lærar og forfattar. (Nynorsk)
  • Kjersti Kollbotn (1959-), fødd i Breim i Nordfjord, no busett i Tromsø; sivilingeniør og forfattar. (Nynorsk)
  • Wenche Krossøy (1943-2010), fødd på Andørja; forfattar. (Nynorsk)
  • Astrid Langjord (1885-1955), fødd på Myrnes i Vefsn, busett i Bjørnådalen i Vefsn; bondekone, diktar og organisasjonskvinne. (Nynorsk)
  • Irene Larsen (1964-), fødd i Skjervøy, busett i Tromsø; lyrikar.
  • Hans Lind (1866-1935), fødd på Andenes, død i Sør-Afrika; diktar. (Dialekt)
  • Arne Lyngås (1924-2004), fødd og busett i Målselv; diktar, bonde, skogsarbeidar. (Dialekt og nynorsk)
  • Arnt Løftingsmo (1922-) (Nynorsk)
  • Knut Melangen (1935-), fødd i Narvik, busett på Finnsnes. (Dialekt og bokmål)
  • Ragnvald Mo (1898-1990), Salten; folkeminnesamlar. (Nynorsk)
  • Tove Myhre (1964) (1964-), fødd og busett i Tromsø; journalist, forfattar. (Nynorsk)
  • Mari Myrberget (1902-1992) fødd i Leifjord, budde i Sandnessjøen; lærar, skreiv spelstykke. (Dotter til Lars Jaastad) (Nynorsk)
  • Simon Myrberget (1902-1959), fødd i Koppang, budde i Sandnessjøen; skreiv spelstykke på nynorsk. (Nynorsk og bokmål)
  • Rolf Nesje (21.juli 1935-30.desember 1982), 1976: Bestefarsklokka (Vefsn, bokmål), 1977: Han Øyr-Per og hans tid (Trondheim, nynorsk), 1979: Tyrhans--- (Vefsn, nynorsk), 1981: Utmarksfolket - om samer i Salten (Vefsn, bm), formann Vefsn mållag 1969-1972
  • Jens R. Nilssen (1880-1964), fødd i Valberg, illustratør av teikneseriar og bøker.
  • Audun Nilsskog (1930-2002), fødd i Vefsn, busett på Notodden; lyrikar. (Nynorsk)
  • Jacob Norman (1897-1983), fødd på Vebbestad i Kvæfjord, busett i Bjarkøy, Sandtorg, Kvæfjord; lærar, skoleinspektør, offiser og ordførar. (Éi diktsamling på nynorsk: Dikt og prologar (1966)
  • Inga Elisabeth Næss (1940-), fødd på Vega, busett i Trondheim og på Vega; kulturarbeidar, forfattar. (Bokmål og nynorsk)
  • Leonhard Næss (1855-1940), fødd i Beiarn, lærar, prest i Bjarkøy, Norddal, Elverum og Vågå; teolog, bibelomsetjar, lyrikar og forfattar. (Nynorsk)
  • Berit Oksfjellelv (1977-), fødd i Bleikvasslia i Hemnes; filolog, journalist, bildekunstnar og forfattar. (Nynorsk)
  • Herolv Karstein Olsen (1924-2013), fødd i Lenvik, busett i Tromsø; lærar, rektor. 3 bøker: Bårer i leia (1994), Med Elisa til Jan Mayen og Svalbard 1921 (2001), Den gamle anorakken (2006) (Nynorsk)
  • Hilmar Olsen (1933-2003), fødd og busett i Lurøy. 1994: Vikæ, Lurøy kommune (s-5-30 på lurøydialekt, s.31-47 på bm). (Dialekt)
  • Ragnar Olsen (1950-), fødd og busett i Tromsø; forfattar og visemusikar. (Dialekt).
  • Peter Karl Eberg Pedersen (1852-1882), fødd i Mekila i Trondenes (no: Harstad); lærar, avismann og forfattar. (Nynorsk og dansk-norsk)
  • Geir Pollen (1953-), fødd i Målselv, busett på Toten; forfattar.
  • Tryggve Remmen (1903-1924), fødd og busett i Vefsn; musikar og forfattar. (Nynorsk)
  • Jens Riksheim (1853-1928), fødd i Sykkylven, busett i Valberg og Vefsn; lærar. (Nynorsk)
  • Bjarne Rognan (1927-). ("Skårunge på Lofothavet", 1980) (Nynorsk)
  • Edvard Ruud (1907-2001), fødd og busett på Ytter-Elgsnes i Harstad; lyrikar, folkeminnesamlar, folkemusikar. (Nynorsk)
  • Magnar Rygg (1948-2000), fødd i Gloppen, busett i Troms; lærar og forfattar. (Nynorsk)
  • Arnt Ryvold (1944-), (1944-), fødd i Dyrøy, busett Tromsø; tidlegare radio- og fjernsynsjournalist. (Dialekt) 1990: Kjære Troms; 1997: Den store snøvinteren; 2001: Det nye tekstamentet
  • Hilmar Rørmark (1907-1972), fødd i Sømna, lærar ved Trondarnes folkehøgskole (1930-1945) og lærar og skolestyrar ved Vefsn folkehøgskole (1945-?). Debut 1931: 'Det lagar seg nok'. Skodespel. 47 sider (Nynorsk)
  • Hans Sande (1946-), fødd i Bergen, busett i Tromsø fram til 1996, bur no i Sunnhordaland; lege, forfattar. (Nynorsk)
  • Kjell Sandvik, (1929-1992), fødd og oppvakse i Honningsvåg, død i Asker; forfattar, komponist og journalist (1972: Visa i graset (dialekt, nynorsk). (Bokmål, dialekt, nynorsk)
  • Halvdan Sivertsen (1950-), fødd i Tromsø, busett i Bodø; visesongar og visediktar. (Dialekt)
  • Gunnhild Skjefstad (1939-), fødd og oppvakse på Nesna; busett på Nesna; diktsamlinga Tore Hund og falne stridsmenn(2006), Steinalderfolk (2014) (Nynorsk)
  • Jahn-Arill Skogholt (1943-2007), fødd og busett i Lofoten; skrivar i Noregs Mållag, kultursekretær og visediktar. (Nynorsk)
  • Tore Skoglund (1947-), fødd på Senja, busett i Tromsø; forfattar, journalist og komikar. (Dialekt)
  • Malvin Skulbru (1942-), fødd på Skulbru i Lofoten, busett i Tromsø; visediktar, visesongar. (Bokmål og dialekt) (1982: Der kom ei vise rækandes, u.å.: Viser fra en utkant (Bokmål og dialekt))
  • Knut Smistad (1938-), fødd i Narvik, busett i Tromsø; forfattar, journalist og filolog. (Bokmål og dialekt)
  • Rakel Solstad (1945-), fødd i Kiberg i Finnmark, busett i Trondheim; forfattar. (Nynorsk)
  • Helge Stangnes (1936-), fødd på Senja, busett i Tromsdalen; lærar, lyrikar. (Dialekt, nynorsk)
  • Tarald Stein (1977-), fødd i Oslo, oppvakse på Vestlandet, busett i Tromsø i fleire år, no i Oslo; forfattar (Nynorsk)
  • Oddvar Steinrud (1932-2012) (pseudonym: Anton Sauflokkli), busett i Mosjøen; lærar, forfattar. (Dialekt, nynorsk)
  • Iver Stenersen (1884-1962), Målselv.
  • Gunvor Stornes (1924-2013), fødd i Korgen, busett i Hemnes; forfattar og lyrikar. (Nynorsk)
  • Ivar Strompdal (1886-1953), fødd i Velfjord, lærar i Velfjord (1908-1923) og i Vefsn (frå 1927); lærar, folkeminnesamlar. (Nynorsk)
  • Knut Strompdal (1881-1954), fødd og busett i Velfjord; folkeminnesamlar, politikar og bonde. (Nynorsk)
  • Morten Edvard Robertsen-Strømme, (1857-1930), fødd på Straume i Bø i Vesterålen; debut med Nordanfor folkeskikken, Kristiania 1914 (forteljing)(Nynorsk)
  • Torvald Sund (1952-), fødd i Rissa, busett i Levanger; forfattar og dramatikar. (Bøker med emne frå Nord-Noreg) (Nynorsk)
  • Rolv Thesen (1896-1966), fødd på Hamnøya i Lofoten, litteraturkritikar. (Nynorsk)
  • Ragnfrid Trohaug (1975-), fødd i Bodø, busett i Bergen; litteraturvitar, redaktør, forfattar. (Nynorsk)
  • Nilmar Tømmervik (1904-1943), fødd i Leirfjord, busett i Vatnet i Leirfjord; bonde, lyrikar. (Skreiv songen "Helgeland") (Nynorsk)
  • Gjert Tømmerås (1937-), fødd i Hamarøy, busett i Bodø. (Dialekt, bokmål)
  • Sigrid Wågan, (3.9.1925-30.7.1992), Vik i Helgeland; diktsamlinga (Hverdagsdikt (1989) bokmål; 4 dikt på brønnøydialekt)
  • Sølvi Ytterstad (1945-), fødd og oppvakse i Vestbygda, Lødingen, busett i Harstad; lyrikar (7 diktsamlingar).(Bokmål, dialekt, nynorsk)
  • Nils Kristian Ødegaard (????-????), gav ut diktsamlinga I livsens strid, Mosjøen, 1912. (Bokmål og nynorsk)
  • Peter Wessel Zapffe, (1899-1990), fødd i Tromsø, død i Asker, Vett og uvett. Stubber fra Troms og Nordland, utgitt i samarbeid med Einar Kristoffer Aas, 1942 (Dialekt og bokmål)
  • Einar Kristoffer Aas, (1901-1981), fødd i Tromsø, Vett og uvett. Stubber fra Troms og Nordland, utgitt i samarbeid med Peter Wessel Zapffe, 1942 (Dialekt og bokmål)

Faglitterære forfattarar[endre wikiteksten]

Her manglar vi framleis ei rekke gode forfattarar, du kan gjerne hjelpe til med å legge attåt fleire namn.