Wikipedia:Wikiprosjekt fuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Dette er eit wikiprosjekt for å gjere artiklar om biologisk klasse Aves i dyreriket mest mulig komplette og konforme.

Viss du har lyst å vere med å hjelpe Wikipedia på fuglestoff, så er det berre å gå i gang, sjå nedanfor om oppgåver for kva som kan gjerast. Ta kommentarar, spørsmål og diskusjon på diskusjonssida.

Tittel[endre wikiteksten]

Wikiprosjekt om fuglar

Overordna prosjekt[endre wikiteksten]

Dette prosjektet er underordna prosjektet om biologi.

Alle undersider:

Deltakarar[endre wikiteksten]

Alle med interesse, inga registeringsplikt.

Klassifisering[endre wikiteksten]

Dette er eit naturvitskapleg prosjekt.

Målsetjing[endre wikiteksten]

Å gjere Wikipedia på nynorsk til det klårt beste oppslagsverket om fuglar på norsk språk, det inneber at oppslagsverket etter 'ei tid'

  • tilbyr ein utmerka artikkel for kvar biologisk orden av fuglar
  • er komplett på familiar, det vil seie ein artikkel for kvar anerkjent familie
  • tilbyr ein artikkel for kvar art på Norgeslisten
  • gjev pålitande og oppdatert informasjon som det er konsensus for i fagmiljø vi stør oss på
  • har ein global synsvinkel, men har største utdjuping om fuglar som treffast i Noreg
  • er tilpassa lesarar som har interesse for emnet, men ikkje må ha biologi eller ornitologi i fagkrinsen eller som profesjon

Dette er ikkje rissa inn i berget, kan tilpassast interesser, betre innsikt og kunnskap og andre omstende undervegs. Vi kan heile tida samanlikne med snl.no.


Oppgåver og basisinformasjon[endre wikiteksten]

Ingenting er absolutte reglar og det er lov å endre på dette oppsettet etter behov og ved utvikling, ta gjerne diskusjonar på diskusjonssida.

Samsvarande prosjekt på engelskspråkleg wikipediaprosjekt: en:Wikipedia:WikiProject Birds

Omfang: Alle artiklar som hører heime innanfor Kategori:Fuglar.

Sentrale artiklar om emne i biologien som òg angår artiklar om fuglar: Takson, biologisk systematikk, kladistikk.

Oppgåver, artikkelskriving[endre wikiteksten]

  • Opprette, skrive nye eller forbetre artiklar om artar, slekter, familiar, ordenar og andre grupper av fuglar
- artsskildring for alle artar funne i Noreg, sjå noregslista for kva som saknast,
  • Opprette, skrive nye eller forbetre artiklar om andre emne knytt til ornitologi eller fuglar medrekna biografiar om biologar kjent for arbeid innan området, om tidskrift og bøker

Spesifikt:

fugleanatomi,
fugleevolusjon
fuglevern,
kurtise og paring, om leik, kurtise, oppvisingar,
fuglekikking,
streiffugl, og dei som ikkje trekkjer,
hekking, monogami
fjørdrakt,
flyging,
biogeografi for fuglar,
habitattypar for fuglar biotopar?: våtmarker, kyst, hav, øyer, alpine område, tørre område, kratt, skog, jordbruksland - kulturmark
fuglesong, med funksjonar og typar lydytringar som rop, song, kall, skrik, mekanisk lyd som tromming,
sjå dessutan oversyn snl.no.
Alternativ vinkling på temaet og andre innfallsvinklar til artiklar enn systematikk, klassifisering og artsoppramsingar.

Oppgåver, generelle forbetringar og opprydding[endre wikiteksten]

  • Bidra til samarbeidande aktivitetar for å oppnå målsetjinga over
  • Kommunisere felles basis for artiklar slik at dei ikkje går kvar si lei med omsyn på namnsetjing og klassifisering.
  • Få inn ny type infoboks i artiklar som manglar det
  • Endre skrivemåten på vitskapeleg namn for fuglefamiliar, frå endinga *idæ til *idea
  • Oppdatere raudliste-status på artar
  • Finne nye og kanskje betre artsskildrande bilete
  • Samle oversyn over gode referansar, tilgjengeleg på nettet eller lett tilgjengelege på bibliotek
  • Samanlikne status på omfang på og innhald i artiklar her mot tilsvarande på Store norske snl.no slik at vi ein dag kan dokumentere at vi er betre.
  • Diskusjon: kva element skal infoboksar innehalde på dei ulike typar taksa?

Norske namn på taksona[endre wikiteksten]

Artsnamn på norsk: Det finst fleire kjelder med offisielle namn på norsk, sjå avsnitt om ressursar på norsk:

  • Artsdatabanken.no - artsnamnbase: gjev artsnamn på begge skriftsspråk, for alle «norske» artar
  • Norske navn på verdens fugler: Alle fuglenamn på bokmål
  • Norgeslisten: bokmål, fuglar observert i Noreg

I dette leksikonet nyttar vi sjølvsagt namn etter nynorsk rettskriving. Nær 60 % av artsnamna er felles med bokmål, dei andre treng små justeringar. Sjå prosjektunderside om omsetting frå bm om å 'omsetje' fuglenamn frå bokmål til nynorsk.

Er fuglenamn på norsk stabile?[endre wikiteksten]

Les om to unntak, endringar som har skjedd seinare tid med namn på gulnasealbatross og meistersongarhttp://www.birdlife.no/organisasjonen/nyheter/?id=696

Frå desember 2017 kom ei oppdatering frå Norsk navnekomité for fugl, slik at det per 1. januar 2018 eksisterer eit offisielt norsk namn på alle artar i eBird/Clements Checklist v2017, Cornell Lab of Ornithology].

Lista med norske namn er tilgjengeleg her: Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017).

Når artar skifter familie etter funn og aksept av ny vite, vil dei nokre gongar få nytt namn. Eit døme er Chrysomma poecilotis, tidlegare flekkinntimal, som blei flytta frå timalar til den nye buttnebbfamilien, (tidlegare songarar,) og fekk nytt namn rusthalesongar.

Den nye lista inneholder òg offisielle norske namn på alle gamle og nye fuglefamiliar. Dei er tatt i bruk i fuglar etter klassifisering.

(Er fuglenamn på engelsk stabile?)[endre wikiteksten]

Sjå http://www.worldbirdnames.org/updates-en08.html for eksempel på endringar.

Vitskaplege namn på taksona[endre wikiteksten]

Sjå avsnitt om taksonomi nedanfor.

Artikkelnamn[endre wikiteksten]

Generelt for alle typar takson: Viss ikkje taksonet har fått offisielt namn på norsk, skal artikkelen opprettast med vitskapleg namn som artikkelnamn. Artikkel om eit takson som har fått artikkelnamn på norsk skal alltid ha det vitskaplege namnet som alias, oppretta med omdirigeringsside.

Art: Generelt brukar vi det norske fuglenamnet som artikkelnamn. Når namnet har fleirtyding set vi på framleddet Fuglearten, som i eksempelet Fuglearten møllar. Nyleg anerkjente artar har ikkje fått norsk namn, og vi nyttar vitskapleg namn, eksempel Phylloscopus nitidus, ein bladsongar.

Slekt: I tilfelle der det finst innarbeidde namn for ei gruppe på norsk nyttar vi dei som artikkelnamn, til dømes kjerrsongarar for slekta Acrocephalus, elles nyttar vi det vitskapelege slektsnamnet, til dømes Seicercus. Ved fleirtyding føyer vi til leddet Fugleslekta som i dømet Fugleslekta Sylvia.

Familie: Generelt, om det finst naturlege namn på norsk nyttar vi dei som artikkelnamn, for eksempel maurfuglar avleidd frå 'maurfuglfamilien' for familien Thamnophilidae. Alternativt kan ein bruke forma *familien som i eksemplet fossekallfamilien fordi 'fossekallar' kan forvekslast med fleirtal av arten fossekall. Nyleg anerkjente familiar har ikkje fått norsk namn, og vi nyttar vitskapleg namn, eksempel Melanopareiidae sjølv om val av norsk namn er nokså opplagt.

Orden: Her finst det allereie innarbeidde norske namn som vi brukar i artikkelnamn, sjå inndelinga i artikkelen fuglefamiliar.

Andre taksontypar enn dei nemnt over: Bruk vitskapleg namn, til dømes Paleognathae (overorden) og Sylvioidea (superfamilie).

Kategorisering av artiklar[endre wikiteksten]

Artiklar om taksona art, slekt familie eller orden:

  1. sette inn i kategoristruktur som følgjer taksonomien. Toppkategori Kategori:Fuglar etter klassifisering. Hensikt: gjer det enkelt å finne dei mest nærskyldte takson
  2. sette inn i kategoristruktur som ei geografisk inndeling. Toppkategori Kategori:Fuglar etter biogeografi. Hensikt: gjer det enkelt å finne fleire takson som held til på eit geografisk område. (svensk wikipedia har ein liknande kategori: se:Kategori:Fåglar efter djurgeografiska regioner)
Framlegg om underkategoriar:

Taksonomi og referansar[endre wikiteksten]

Sjå en:Wikipedia:WikiProject Birds#Taxonomy_and_references og diskusjon ultimo august 2011.


Fugletaksonomien varierer frå autoritet til autoritet og er i ei konstant endring. På det engelske Wikipedia-prosjektet har ein tidlegare nytta Handbook of the Birds of the World som rettesnor, men i dag er IOC World Bird List (IOC), (http://www.worldbirdnames.org) føretrekt. Til forskjell frå norsk språk, så har dei på engelsk språk i utgangspunktet engelske namn på alle taksa i lister og systematikkoversikter frå alle autoritetar, sjølv om dei kan sprike.

Det finst berre ei oversikt som gjev taksanamn på norsk: The Clements Checklist of Birds of the World, versjon 6 per mai 2008, saman med Norske navn på verdens fugler. IOC-lista skil seg frå Clements-lista ved at ho er i større rørsle, aksepterer ny klassifisering i taksonomi tidlegare og har fleire artar. Jamfør fire oppdateringar i IOC-lista i 2009 mot ei oppdatering i Clements-lista.

Wikipedia på nynorsk bør følgje Clements-lista som generell rettesnor av grunnar nemnt over.

Er vitskaplege artsnamn stabile?[endre wikiteksten]

Det hender med jamne mellomrom at artar blir flytta frå ei slekt til ei anna, eventuelt at slekter blir splitta eller familiar omgruppert på ymse måtar. Vitskapleg namn blir då endra. Når endringa er publisert på http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/corrections kan det endrast i artiklar her på Wikipedia.

Referansemalar[endre wikiteksten]

  • {{Referanse:NorskeFuglenamn‎}}
  • {{Referanse:Clements6.5|lestdato=2. januar 2011}}
  • {{Referanse:IOC-lista2.7|lestdato=27. januar 2011}}
  • {{Referanse:HBW-12}}
  • {{Referanse:HBW-13|sider=322–338|forfattar=Gregory, Phil|kapittel=Family Melanocharitidae (Berrypeckers and Longbills)}}
  • {{Referanse:IUCN2010|lestdato=27. januar 2011|vitskaplegNamn=Androphobus viridis|url=http://www.iucnredlist.org/apps/redlist/details/146492/0}}

Informasjon og ressursar på norsk[endre wikiteksten]

  • Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Andre ressursar[endre wikiteksten]