Wikipedia:Retningsliner for Wikiprosjekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Denne sida inneheld tilrådde retningsliner for leiinga av eit wikiprosjekt.

Målsetjing og omfang[endre wikiteksten]

Vær så spesifikk som mogleg slik at potensielle bidragsytarar lettast mogleg kan velja om dei vil hjelpa til, men la døra stå open for nye idéar og diskusjonar!

Korleis kan ein hjelpa?[endre wikiteksten]

Forklar tydeleg kva nye brukarar kan hjelpa til med. Oppmod alle til å vera med, sjølv dei som er nye i emnet. Dei kan vera med på rettlesing og kritikk.

Forklar tydeleg kva verktøy ein har på hand for arbeidet med wikiprosjektet. Avhengig av omfang og målsetjing, kan dette vera

  • malar (standartekstar som kan setjast inn i nye artiklar som til dømes infoboksar)
  • Dette må gjerast liste
  • ei lenkjesamling til eksterne hjelpekjelder
  • vekas artikkel for prosjektet

Få tak i bidragsytarar[endre wikiteksten]

Den enklaste måten å få tak i nye bidragsytarar er å avertera prosjektet ditt i diskusjonssidene til dei relevante artiklane. Du kan òg setja inn malen din her eller berre nemna wikiprosjektet i dette må gjerast-lista til artikkelen.

Dette kan gjerast på fleire måtar:

  • Ei liste over deltakarar
  • Gjestebok
  • Framgangsrapportar
  • Ei liste over større bidrag