Wilczek Land

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wilczek Land
Wilczek Land 2018-07-22 Sentinel-2 L2A Highlight Optimized Natural Color.jpg
Land Flag of Russia.svg Russland
Del av Frans Josefs land

Wilczek Land
80°34′0″ N 60°30′0″ E
Plasseringa til Wilczek Land i Frans Josefs land

Wilczek Land (russisk Земля Вильчека, Zemlja Viltsjeka; tysk Wilczek-Land) er ei stor øy ved 80°34′0″N 60°30′0″E. Ho er ein del av Frans Josefs land i Russland.

Wilczek Land er den nest største øya i Frans Josefs land. Ho er nesten heilt dekt av is, bortsett frå to smale striper langs vestsida. Det høgaste punktet på øya er 606 meter over havet.

Øya er kalla opp etter den austerriksk-ungarske grev Wilczek (tysk Johann Nepomuk Graf Wilczek).[1] Grev Wilczek finansierte mesteparten av den austerrisksk-ungarske nordpolekspedisjonen til Frans Josefs land.

Mys Ganza er det vestlegaste neset på Wilczek Land. Kanalen i vest, mellom Wilczek Land og Halløya vert kalla Avstrijskij Proliv (Австрийский пролив).

Øya må ikkje forvekslast med den mindre Wilczekøya, Остров Вильчека, som ligg sørvest for Salmøya i same øygruppe og som er kalla opp etter same person.

Historie[endre | endre wikiteksten]

To av medlemmene av Welle-ekspedisjonen i 1899 overvintra ved Kapp Geller (80°46′N 59°36′E) medan dei venta på at resten av medlemmene frå ekspedisjonen skulle kome tilbake frå Nordpolen.

Nærliggande øyar[endre | endre wikiteksten]

  • Sør for ei bukt på Wilczek Land ligg den vesle Klagenfurtøya (Остров Клагенфурт), om lag 9 km frå kysten. Ho er kalla opp etter Klagenfurt, hovudstaden i Kärnten i Austerrike.
  • Like aust for Wilczek Land ligg to småøyar kalla Ostrova Gorbunova (Острова Горбунова) ved (80°34′N 62°01′E). Desse øyane vart kalla opp etter den russiske naturalisten Gregorij Petrovitsj Gorbunov.
  • 1,5 km søraust for Wilczek land ligg fire småøyar på rekkje. Frå nordaust til sørvest er desse:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]