Wild Dances

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Wild Dances»
Song av Ruslana
Land Ukraina
Språk Engelsk og ukrainsk
Utgjeve 17. mai 2004
Sjanger Pop, dance, folk
Lengd 03:03
Selskap EMI, Comp Music[1]
Låtskrivar(ar) Ruslana Lyzjytsjko, Oleksandr Ksenofontov, Jamie Maher, Michael Fayne og Sjerena Dugani

«Wild Dances» (ukrainsk: Дикі танці, norsk transkripsjon Dyki tantsi) er ein song som vann Eurovision Song Contest 2004 for Ukraina. Songen vart framført av den ukrainske popstjerna Ruslana, som hadde skrive han saman med Oleksandr Ksenofontov, Jamie Maher, Michael Fayne og Sjerena Dugani. Dette var den fyrste sigeren til Ukraina i Eurovision Song Contest, og songen fekk ein viss kommersiell suksess etter den internasjonale finalen.

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Ukraina debuterte i Eurovision Song Contest i 2003, og som i debutåret valde den ukrainske kringkastaren NTU artist og song internt. Kanalen fekk ei av dei største popstjernene i landet, Ruslana, til å representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2004 i Istanbul i Tyrkia.

Etter 14. plassen året før, måtte Ukraina kvalifisere seg via semifinalen onsdag 12. mai. Der var «Wild Dances» det 11. bidraget ut på scena av 22 bidrag. Songen enda opp på ein andreplass og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 15. mai. I finalen var Ukraina det tiande landet ut på scena av 24 deltakarar. Den energiske danseframføringa skilde seg ut, og songen enda opp med å vinne heile tevlinga i hard konkurranse med Serbia og Montenegro og Hellas. «Wild Dances» fekk 280 poeng, som var ny poengrekord. Denne rekorden heldt seg i to år, inntil finske Lordi fekk 292 poeng med «Hard Rock Hallelujah». «Wild Dances» fekk poeng frå 34 av de 36 landa som deltok i tevlinga. Noreg gav 7 poeng til Ukraina.[2][3]

Songen[endre | endre wikiteksten]

Ruslana framfører «Wild Dances» under semifinaletrekkinga for Eurovision Song Contest i 2012 i Baku.

«Wild Dances» er skriven av Oleksandr Ksenofontov, Jamie Maher, Michael Fayne og Sjerena Dugani, i tillegg til Ruslana sjølv. Det fyrste verset er på engelsk, mens det andre er på ukrainsk. «Wild Dances» vart dimed den fyrste vinnarsongen i Eurovision Song Contest som delvis vart sungen på eit anna språk enn berre engelsk etter at språkregelen vart teken bort i 1999.

Songen vert også hugsa på grunn av sin energiske koreografi og for det spesielle lêrantrekket Ruslana hadde på seg under framføringa.[4]

«Wild Dances» har blitt sungen på vietnamesisk av den vietnamesiske popstjerna Hồ Quỳnh Hương. Ruslana sin versjon av songen var også ein del av lydsporet til spelet Grand Theft Auto IV frå 2008.[5] Den amerikanske gymnasten og verdsmeisteren Jordyn Wieber har også fortalt at ho brukar den energiske songen som treningsmusikk.[6]

Singelen var også ein del av samlealbumet The Very Best of Eurovision som vart utgjeve i samband med 60-årsjubileet til Eurovision Song Contest i 2015.[7]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2004) Høgaste
plassering
Veker
på listen
Debutdato
Flag of Austria.svg Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[8] 43 6 6. juni 2004
Flag of Belgium (civil).svg Belgia Flandern (Ultratop)[9] 1 20 29. mai 2004
Flag of Belgium (civil).svg Belgia Vallonia (Ultratop)[10] 25 5 5. juni 2004
Flag of Finland.svg Finland (Suomen virallinen lista)[11] 20 1 Veke 25 2004
Flag of Ireland.svg Irland (Irish Singles Chart)[12] 44 1 10. juni 2004
Flag of Greece.svg Hellas (IFPI)[13] 1 6 12. juni 2004
Flag of Latvia.svg Latvia (Airplay Top 40)[14] 36 2 23. mai 2004
Flag of the Netherlands.svg Nederland (Single Top 100)[15] 30 5 29. mai 2004
Flag of Romania.svg Romania (Romanian Top 100)[16] 44 10 13. juni 2004
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia (UK Singles Chart)[17] 47 2 19. juni 2004
Flag of Switzerland.svg Sveits (Schweizer Hitparade)[18] 24 9 6. juni 2004
Flag of Sweden.svg Sverige (Sverigetopplistan)[19] 8 18 11. juni 2004
Flag of Germany.svg Tyskland (GfK Entertainment Charts)[20] 40 9 7. juni 2004
Flag of Ukraine.svg Ukraina (Airplay Chart Top 40)[21] 1 2004

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ruslana ‎– Wild Dances». Discogs.com. Henta 27. februar 2017. 
  2. «Eurovision Song Contest 2004 Final». eurovision.tv. Henta 27. februar 2017. 
  3. «Eurovision Song Contest 2004 Final – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 27. februar 2017. 
  4. Paul Jordan (21. september 2016). «Milestone Moments: 2004 – Eurovision goes wild!». eurovision.tv. Henta 27. februar 2017. 
  5. «GRAND THEFT AUTO IV - Music: Soundtrack & Radio». www.gta4.net. Arkivert frå originalen 2017-02-14. Henta 27. februar 2017. 
  6. Bloggs, Wiwi (12. oktober 2011). «Ruslana’s "Wild Dances" Inspires U.S. Gymnast Jordyn Wieber». WiwiBloggs.Com. Henta 15. mars 2012. 
  7. «Very Best of Eurovision Song Contest – A 60th Anniversary (CD / Digital Download Available NOW)». SBS.au. 1. mai 2015. Henta 1. mai 2015. 
  8. Hung, Steffen. «Ruslana – Wild Dances». austriancharts.at. Henta 27. februar 2017. 
  9. «Wild Dances – Ultratop». ultratop.be. Henta 27. februar 2017. 
  10. «Wild Dances – Ultratop». ultratop.be. Henta 27. februar 2017. 
  11. «'Wild Dances' på finsk singelliste». finnishcharts.com. Henta 27. februar 2017. 
  12. «'Wild Dances' på IRMA». acharts.co. Arkivert frå originalen 2014-12-19. Henta 27. februar 2017. 
  13. «Gresk singelliste for 2004». IFPI. Arkivert frå originalen . Henta 27. februar 2017. 
  14. «Week 27, 2004 – Latvian Airplay Top 40». ultratop.be. Henta 26. februar 2017. 
  15. Hung, Steffen. «Ruslana – Wild Dances». dutchcharts.nl. Henta 27. februar 2017. 
  16. «Romanian Top 100». Romanian Top 100. Arkivert frå originalen . Henta 27. februar 2017. 
  17. «Wild Dances – Chart history». Official Charts Company. Henta 27. februar 2017. 
  18. Hung, Steffen. «Ruslana – Wild Dances – hitparade.ch». www.hitparade.ch. Henta 27. februar 2017. 
  19. «Ruslana – Wild Dances (Song)». swedishcharts.com. Henta 27. februar 2017. 
  20. «Offisiell tysk singelliste (skriv 'Ruslana' i søkefeltet)». Deutsche Offizielle Charts. Henta 27. februar 2017. 
  21. «Ukrainsk Airplay Chart Top 40». Top 20. Arkivert frå originalen . Henta 27. februar 2017.