Wild Honey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wild Honey
Studioalbum av The Beach Boys
Utgjeve 11. desember 1967
Innspelt 26. september -
15. november 1967
Sjanger Psykedelisk pop, psykedelisk soul, rock
Lengd 24:24
Selskap Capitol
Produsent The Beach Boys
The Beach Boys-kronologi
Smiley Smile
(1967)
Wild Honey Friends
(1968)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
Blender5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[2]
Encyclopedia of Popular Music3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]
Pitchfork3.5/10[4]
The Rolling Stone Album Guide
The Village VoiceA+[6]

Wild Honey er det trettande studioalbumet til The Beach Boys, utgjeve i 1967. Albumet var det første albumet deira sida Surfin' USA som ikkje var produsert av Brian Wilson aleine. Han hadde gradvis trekt seg tilbake som den musikalske leiaren av bandet etter den vanskelege prosessen innspelinga av det skrinlagte albumet Smile.

Avsluttingsporet «Mama Says», er einstonig song frå songen «Vegetables» frå det skrinlagde Smile. Det var det første av fleire Smile-songar nytta som avslutningssong på seinare Beach Boys-album.

Tittelsporet vart den første singelen frå albumet og vart ein liten hit. Oppfølgjaren «Darlin'» nådde Topp 20 i USA, medan sjølve albumet gjekk til 24. plass i USA og 7. plass i Storbritannia. Songen «Here Comes the Night» vart seinare innspelt på ny som ein disco-song seint i 1970-åra, men vart ikkje noko hit. «How She Boogalooed It», skriven av Al Jardine, Mike Love, Bruce Johnston og Carl Wilson, var den første Beach Boys-songen (bortsett frå nokre instrumentalar) der Brian Wilson ikkje medverka som låtskrivar.

I 1990 vart Wild Honey gjeven ut på CD i lag med Smiley Smile og bonusspor frå perioden.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelSolovokal Lengd
1. «Wild Honey»  Carl Wilson 2:37
2. «Aren't You Glad»  Mike Love [vers], Brian Wilson [vers og refreng] og Carl Wilson [refreng] 2:16
3. «I Was Made to Love Her» (Henry Cosby/Sylvia Moy/Lola Mae Hardaway/Stevie Wonder)Carl Wilson 2:05
4. «Country Air»  gruppa 2:20
5. «A Thing or Two»  Mike Love, Carl Wilson og Brian Wilson 2:40
Side to
# TittelSolovokal Lengd
6. «Darlin'»  Carl Wilson 2:12
7. «I'd Love Just Once to See You»  Brian Wilson 1:48
8. «Here Comes the Night»  Brian Wilson 2:41
9. «Let the Wind Blow»  Mike Love, Brian Wilson og Carl Wilson 2:19
10. «How She Boogalooed It» (Mike Love/Bruce Johnston/Al Jardine/Carl Wilson)Carl Wilson 1:56
11. «Mama Says»  gruppa 1:05

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

I følgje biografen David Leaf.[7]

The Beach Boys

Produksjon

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Chart (1968) Plassering
UK Albums Chart[8] 7
US Billboard 200[8] 24

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Wild Honey (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 11. september 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Smiley Smile/Wild Honey CD-hefte, David Leaf, c.1990.
    • "Look! Listen! Vibrate! Smile!", Domenic Priore, c.1995
    • "The Nearest Faraway Place: Brian Wilson, The Beach Boys and the Southern California Experience", Timothy White, c. 1994.
    • "Wouldn't It Be Nice - My Own Story", Brian Wilson og Todd Gold, c. 1991.
    • "Top Pop Singles 1955-2001", Joel Whitburn, c. 2002.
    • "Top Pop albums 1955-2001", Joel Whitburn, c. 2002.
    • Allmusic.com
  1. Unterberger, Richie. «Wild Honey». AllMusic. 
  2. Wolk, Douglas (October 2003). «Smiley Smile/Wild Honey». Blender. Arkivert frå originalen June 30, 2006. Henta 6. mars 2018. 
  3. Larkin 2006, s. 479.
  4. Owen, Spencer (March 29, 2001). «The Beach Boys: Smiley Smile/Wild Honey». Pitchfork. Henta 6. mars 2018. 
  5. Fine 2004, s. 46, 48.
  6. Christgau, Robert (December 20, 1976). «Christgau's Consumer Guide to 1967». The Village Voice (New York). s. 69. Henta 6. mars 2018. 
  7. Leaf, David (1990). Smiley Smile/Wild Honey (CD Liner). The Beach Boys. Capitol Records. 
  8. 8,0 8,1 Badman 2004, s. 208.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]