Wilhelm Børresen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wilhelm Børresen
Fødd 11. desember 1858
Død

31. juli 1929

Yrke politikar

Wilhelm Ludvig Børresen (11. desember 185831. juli 1929) var ein norsk kontorist, lensmann og stortingsmann frå Trondheim. Han representerte Venstre.

Børresen var son til ein portnar ved tukthuset i Trondheim. Sjølv var han åra 1873-77 tilsett hos ein kjøpmann i byen. Frå 1877 til -80 arbeidde han på sorenskrivarkontoret for Nordmøre, deretter sju år på amtskontoret i Molde. Tida 1887-90 var han fullmektig same staden, til han 1890 vart lensmann i Vestnes. Samstundes var han gardbrukar og kasserar for Reknes hospital sitt fond. Han var styreformann i Molde håndverkeres sparebank, og sidan med i styret for Vestnes Sparebank.

Børresen representerte Romsdals amtStortinget 1892-1900 og 1903-06. Heile tida var han medlem av protokollkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914