Wilhelm Blakstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wilhelm Blakstad
Fødd 2. februar 1863
Asker
Død

4. januar 1936

Yrke ingeniør, politikar

Wilhelm Blakstad (2. februar 18634. januar 1936) var ein norsk næringsdrivar og politikar frå Asker som representerte partiet HøgreStortinget frå 1919 til 1933. Han var far til Gudolf Blakstad og bror til Finn Blakstad.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Wilhelm Blakstad var frå storgarden Blakstad i Asker. Han gjekk 1879-82 den tekniske skulen i Trondheim og 1885-86 Noregs LandbrukshøgskuleÅs i Akershus. I mellomtida var han styrar 1882-83 av Baklandets Teglverk og Dampsmie, landmålar 1883-84, før han 1884-85 tok del i å gjenoppbyggje Kristiania Tændstikfabrik. Åra 1886-92 arbeidde han som ingeniør i «Det nordenfjeldske». Han var så fløytingsinspektør i Skiensvassdraget frå 1892 til 1898. Frå 1902 var han fløytingsdirektør i Fredrikstad Tømmerdireksjon til han døydde.

Frå 1910- til -18 var Blakstad ordførar i Fredrikstad. Etter å ha vore varamann til Stortinget 1916-18, representerte han kjøpstadene i Østfold og partiet Høgre i fem etterfylgjande storting; 1919-33. Han var medlem 1919-21 i Skog- og vassdragskomiteen, 1922-24 i Finanskomiteen, nestformann 1925-30 i Tollkomiteen, og formann 1931-33 i Finans- og tollkomiteen.

Blakstad var formann i to departementale komitear. Fyrst leia han Komiteen om regulering av Øyeren 1914, og sidan Komiteen om arbeidstidforskrifter i landbruksnæringa av 1927. Han var elles medlem 1918-21 i Tilsynskomiteen for Smålensbanen og i Mellomriksbanekommisjonen av 1921.

Ei byste av Blakstad, forma av Waldemar Dahl, står utanfor hovudkontoret til Fredrikstad Tømmerdireksjon. W. Blakstads gate i Fredrikstad har namn etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]