Wilhelm Bugge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wilhelm Bugge

Fødd20. mai 1838
Trondheim
Død7. april 1896
Christiania
NasjonalitetNoreg
Yrkeomsetjar, politikar, teolog
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
BarnFredrik Moltke Bugge
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Frederik Wilhelm Klumpp Bugge (20. mai 18387. april 1896) var ein biskop, teolog og stortingsrepresentant frå Trondheim. Frederik Moltke Bugge var far hans.

Bugge vart student frå Bergens katedralskule i 1854 og teologisk kandidat i 1862. Frå 1863 til -66 var han universitetsstipendiat i teologi, og samstundes 1865-66 lærar ved Aars og Voss skule i hovudstaden. Åra 1866 til 1870 var han sokneprest i Holmestrand.

Frå 1870 til 1894 var Bugge professor i teologi ved Universitetet i Oslo. Han forska og førelas i nytestamentleg eksegese, og det meste av hans omfattande skriftproduksjon omhandla i hovudsak dette emnet. Hovudverka hans er ei rekke oversetjingar av Det nye testamente. Dei var skrivne med tanke på ein større lesarkrins og hadde ei samanhengande framstilling av innhaldet og tankegangen i grunntekstane, samanstilt mot historisk-kritiske innleiingar og kommentarar. Alle vart trykt i fleire opplag og vart omsett til andre språk. Han laga også ei rekke forarbeid og utkast til ei ny, norsk omsetjing av bøkene i Nytestamentet.

Frå 1875 til 1876 var han og Johan Christian Heuch redaktørar av Luthersk Kirketidende. Forlaget fann at deira høgkyrkjelege linje samsvara for lite med indremisjonen sitt konservative kristensyn. Dei vart då fjerna frå redaktørkrakken. I staden var dei frå 1877 redaktørar for det nystarta Luthersk Ugeskrift, eit verv Bugge hadde fram til 1890. Gjennom dette organet deltok han jamt i debatten om kristendomen og kyrkja, der han hevda sitt høgkyrkjelege syn. Han var elles formann i sentralstyret for Det norske bibelselskap.

Bugge var frå 1881 til 1886 medlem av Kristiania bystyre. Perioden 1883-1885 var han 4. representant på Stortinget for Kristiania, Hønefoss og Kongsvinger. Han var medlem av budsjettkomiteen.

Frå januar 1894 til han døydde to år seinare var han biskop i Kristiania bispedømme. I 1894 vart han heidra med æresdoktorgrad i teologi ved København Universitet.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Apostlen Paulus’ Breve 2 bind, 1879-81
  • Apostlenes Gjerninger, 1884
  • Apostlene Peter’s og Judas’ Breve, 1889
  • Lukas-Evangeliet, 1891
  • Johannes-Evangeliet, 1893

Kjelder[endre | endre wikiteksten]