Wilhelm Foss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wilhelm Foss
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. desember 1816
Arendal
Død

15. november 1876 (59 år)
Barbu

Yrke politikar, skribent, reiar
Språk norsk

Wilhelm Johannessen Foss (5. desember 181615. november 1876) var ein norsk kjøpmann, skipsreiar, ordførar og stortingsrepresentant frå Arendal.

Foss var son av ein kjøpmann i Arendal. Han overtok handelsverksemda til faren i ung alder, og utvida denne mykje. Frå 1863 overlet han kjøpmannsforretninga til ein fullmektig, sjølv dreiv han reiarverksemd i stor stil. Truleg var han største skipsreiaren i byen.

Foss var medlem i Arendal bystyre, ordførar i 1861. Han var formann i Arendals skibsassuranceforening frå 1856, styreformann i den lokale sparebanken og medlem av forlikskommisjonen frå 1873.

Foss var 2. representant for Arendal og GrimstadStortinget 1859-60, medlem av næringskomite nr 2. Ved fem stortingsval var han suppleant (varamann) til Stortinget, møtte på det overordentlege storting 1864. Han var elles medlem av to kongelege kommisjonar; om loslova 1861 og om skipsmålinga 1867.

Han døydde i Barbu i 1876.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914